Dikt av Ingvar Moe

Du skal skaffa deg frø
før moldjordo fryse
Du skal ulma og glø
mens du ennå lyse
Du må handla litt fort,
for butikkane stengje
Me skal leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje.

Du ska dansa kvar dans
mens tonane strøyme.
Og drikk utan stans
nå’ livet det fløyme
Men rot di kje bort
dei draumar du vrengje
Me ska leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje

Nå’ hu ber deg bli,
så skund deg å svara
D’e dårligt me ti’,
men la di då vara
tå finaste sort
di ordo du slengje
Me ska leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje.

Så kom an og lev,
for sjøl om du tøkje
at livet er strev,
så e der så møkje
du aldri får gjort
Og sorgjo, hu sprengje
Me ska leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje.