BIKINIFITNESS: TO BE CONTINUED!

For ei magisk reise dette har vore fram til no. Eg har lært så mykje, både om meg sjølv, om kost og trening, om bikinifitness og konkurransar, om motivasjon og inspirasjon, om å ikkje gi opp, og om å vere bra nok uansett.

Tida i Bikiniakademiet er over. Tida i Team LA Lifestyle er over. Men har du først blitt ein LA Lifestyler, så er du det for alltid trur eg. LA Lifestyle vil alltid ha ein stor plass i hjertet mitt. Gjennom LA Lifestyle har eg forstått og lært at eg kan klare alt eg bestemmer meg for. Eg har lært at eg er absolutt bra nok, sjølv om livsstilsreisa mi framleis er lang.

img_0965

Eg hadde som mål å stille i bikinifitness. Eg hadde eit stort ønske om å stille no i 2017. Men ein stad på reisa glapp det litt, og eg mista min viljestyrke. Den er derimot på veg tilbake igjen, og uansett kor lang tid det tar, vil eg klare det eg bestemte meg for. Det at Team LA gjorde det mulig for meg å forstå at eg kan, bare eg vil det nok, er uerstattelig.

Eg holdt meg til kostplanen vi fekk heile runde 1. Dette var april – oktober 2016. Men straks vi var ferdige, etter NM i Oslo i oktober, då mange i teamet stilte, skjedde det eg hadde vore nervøs for heile den perioden. Det som ikkje skulle skje, det skjedde. Eg slapp alle mine tøyler, begynte å spise alt eg kom over igjen, alt eg ikkje hadde unna meg desse 6 månedane. Eg falt av treningshjulet, og det blei treningsøkter bare i ny og ne. Eg mista min visjon. Eg er flink å visualisere, så eg måtte bare holde fast på det synet av meg sjølv på scena. Og det gjer eg enda, og akkurat derfor veit eg at det kjem til å bli realitet ein dag. Men det hastar ikkje. No er runde 2 over, og eg klarte ikkje måla eg satte meg i denne perioden, men det er ok. Då eg valgte å bli med ei runde til, var eg skråsikker på at eg kom til å komme meg nærmare scena og sceneform. Men hodet mitt var ikkje med. Eg bestemte meg ikkje. Eg bestemte meg ikkje for å bestemme meg. Men eg ser ikkje på dette som noko eg har gjort feil. Eg ser på det som ein læringsprosess. Og så lenge vi aldri gir opp, kva gjer vi då? Jo, vi lærer og vi vokser.

IMG_1974

Eg veit at ein dag er det min tur. Framover no skal eg bare kose meg med treningsmål og sunne vekedagar, og muligheten til å kunne kose seg litt ekstra på lørdagar. Noko eg har lært dette året er planlegging og matlaging, det vi så fint kallar «foodprep», og det er virkelig noko eg skal ta med meg vidare. Ønsker du å lære dette, anbefaler eg å bruke litt pengar på ein god coach og webcoaching. Eg trur at bare eg holder meg til ein slags plan, og ikkje faller heilt av i mange måneder, slik eg har gjort tidlegare, så vil eg bli den eg drømmer om å vere, bare den avhoppinga blir kortare for kvar gong. Og eg er langt på vei dit allerede. Eg må bare huske på å nyte sjølve reisa. Det er reisa og veien framover som betyr mest, ikkje målet. Målet er ein premie, sjølve reisa er livet.

IMG_1984

I 1 år heilt nøyaktig, fra april 2016 til april 2017 har eg vore ein del av LA Lifestyle. Eg har blitt kjent med så mange fantastiske mennesker, eg har gjort og lært så mykje. Og eg er ein av mange som har fått kjenne på kva denne reisa kan gi. Uansett om det var scena som var målet til deltakarane, eller det å endre livsstilen til det bedre, eller å bli sterkare mentalt, så har alle fått forrykande mykje valuta for pengane. Det er ikkje bare ein periode med trening og sunnare kosthold. Det er ein periode med stor personleg vekst. Eg trur samtlige som har vore med har vokse mentalt. Mykje. Og det er det som er det viktigaste. Vi kjem ikkje utanom det. Veksten i hodet og eige sinn er det som gir best resultat. Med mental trening er det fullt mulig å bli den vi ønsker å vere, uansett kva situasjon vi er i.


Lene Alexandra har klart å danne noko som gir jenter ein mulighet til å vere ein del av noko større. LA Lifestyle er ein grunder-ide som starta med Lene Alexandra, og som no er blitt det beste fitnessteamet i Norge. Eit team for alle. For dei som vil noko meir i livet. Enten det er å oppnå pallplass på scena eller å bli ein sterkare, sunnare versjon av seg sjølv.

LA Lifestyle er virkelig for alle.

IMG_7057

Det finnast ikkje eit fitnessteam som er meir allsidig og dyptgående enn LA Lifestyle. Lene Alexandra og co ønsker ikkje bare fitness-stjerner som skinner på scena. Dei ønsker sunne  jenter med mot, styrke, glede og sjølvtillit. Vi i Bikiniakademiet har fått vere med på foredrag om alt fra økonomi til makeup. Og så klart foredrag om fysisk trening, mental trening og kosthold. Lene Alexandra har eit brennande ønske om å gjere oss til sterke frøkner som klarer oss sjølve. Powergirls med bein i nesa! Tusen takk, Lene Alexandra, for alt. Det er så unikt, det du gir oss.

Lene Alexandra har på denne tida eg har vore inkludert i Lalifestyle designa egen kleskolleksjon og treningsdagbok, ho har holdt foredrag om rebranding, starta Bikiniakademiet og hjulpet så mange mennesker. Eg er så stolt av å ha fått vore ein del av dette, og eg er så stolt av deg, Lene! Du viser at alt er mulig. At endring er mulig.

IMG_1996

«Når eg kan, kan du.» Dette er eit utsagn som går igjen og igjen. Du høyrer det ofte. Men det er virkelig noko i det. Du trenger kun å lære deg å ha trua på deg sjølv (mental trening!) og bestemme deg (decide to decide!). Eg håper at eg kan vere til inspirasjon for alle dei som ønsker å gjere meir i livet. For alle dei som er eller har vore overvektige, men som drøymer om ein sunnare livsstil. For alle som ønsker å setje seg nye, hårete eller realistiske mål. For alle som ikkje veit kvar dei skal, men veit at det finnast noko meir for dei der ute. Det ER mulig! Aldri slutt å drømme. Eg hadde aldri trudd at eg skulle ha eige firma, vere med i eit bikinifitnessteam, blogge for Lene Alexandra, vere spinninginstruktør, vere utdanna personlig trener, elske trening og at det skulle vere eit av mitt livs største lidenskaper. Kven hadde trudd dette for 5 år sidan når eg hadde bikka 100 kg og var innestengt i leiligheta mi og ikkje orka tanken på å vere blant folk? Eg kjenner tårene presse på når eg skriver akkurat dette. Eg forstår sjølv kor langt eg har komt. Sjølv om eg enda er fleire kilo enn eg kunne ønske, så hindrer dette meg ikkje i å følge drømmane mine og gjere meir enn eg trur er mulig. Du trenger ikkje vere full i musklar for å trene styrkeløft, du trenger ikkje å ha god kondisjon for å starte med crossfit eller spinning, du trenger ikkje vere bikinifit for å starte med eit bikinifitness-opplegg. KAN EG, KAN DU!

img_7233

Enndringen er kanskje mest synlig utanifra, men  den største og beste endringen er innvendig.


Eg håper alle som har lyst på ei endring, bare tørr å begynne. Nytt opptak til Bikiniakademiet er i gang. Tørr å søke, så kan du heller vurdere det ein gong til når du veit om du har fått plass eller ikkje? Den som intet våger, intet vinner. Om du derimot våger, kan du vinne så mykje. Så vanvittig mykje.

Om du kun ønsker webcoaching med nært samarbeid med ein coach, er det så klart mulig. Du finner all info på LALIFESTYLE sine sider.

Med dette vil eg takke for meg og mine måneder som gjesteblogger på lenealexandra.com. Det har vore meg ei stor ære og ei tillitserklæring at eg har fått lov å utfolde meg og skrive om det eg ønsker på skjønne Lene Alexandra sin blogg. Eg er så glad eg har fått vere ein del av heile Lalifestyle denne tida. Eg kjem for alltid til å vere takknemlig for Lene Alexandra og det ho har gitt meg og andre, og eg kjem tilbake til LA når eg er klar for å jobbe enda hardare mot bikinifitness-scena. For dit skal eg ein dag, uansett kor lang tid det tar.

TAKK, LENE ALEXANDRA OG LALIFESTYLE!

Og takk for meg på lenealexandra.com 🙂 🙂

Skrevet av Anita Veberg.