La deg inspirere av Karianne i Bikiniakademiet!

Vår nydelege coach Lene og vår utrulig inspirerande teamvenninne Karianne i Bikiniakademiet var på God Morgen Norge i dag tidleg! Og gjett om eg blei inspirert!

Karianne tok ei heilomvending ein dag i 2014, etter at ho hadde spist ein heil heimelaga pizza og ein stor pose smågodt heilt aleine. Etter overvekt, bulimi, overspising og jojoslanking har ho no blitt personleg trenar med bikinifitness-scena i sikte om få veker. 50 kg ned i vekt på 2,5 år! Det går ikkje an å ikkje bli inspirert av denne dama her!

For at alle skal få det med seg, legger ut eg linken til opptaket her:

http://www.tv2.no/v/1153600/17022124_1363620700366297_4384054341124747463_n

2 setningar som Karianne sa, kjente eg meg veldig igjen i, og kanskje fleire av dere føler det samme:

«Vendepunktet kom senere enn jeg skulle ønske at det kom.»

Vi skulle alle ønske at vi kunne tatt grep tidlegare, men det er aldri for seint! Få hjelp, ta grep, bare start!

«Se på deg selv. Dette her fortjener du ikke. Du fortjener så mye mer enn det.»

Så godt sagt. Vi fortjener å føle oss vel. Friske, sunne og glade. Vi fortjener meir.


Det er så mange som ikkje kjem i gang og som ikkje eingong tørr å gå inn på eit treningssenter, men som drømmer om og ønsker seg ei endring i livet. Karianne starta med ein personleg trenar 1 gong i veka. Deretter auka ho det med 2 timar i veka, og hadde egentrening i tillegg. Mi eiga reise starta og med PT-timar, så eg kjenner meg igjen i Karianne´s historie. Om du er usikker på treningssenter, øvelser, apparater, ja generelt usikker på trening, så er det akkurat det ein profesjonell PT kan hjelpe deg med. Du kjem iallefall i gang, og treng ikkje mange timar, før du kanskje tørr å prøve sjølv, og då har du eit program du kan følge, som du og PT-en allerede har gått gjennom og som du kan rimelig godt. Vi må uansett bare prøve og feile. Det gjør alle som har suksess i noko!

 16996179_10158292198650383_1883814032120479341_n

Tusen takk for di historie, Karianne, du inspirerer så mange der ute!

Skrevet av Anita Veberg.