DO IT NOW!

Om eg fortalte deg at du kjem til å vere akkurat den same personen, på akkurat same sted i livet, med akkurat dei same, begrensande tankane, om 5 år, om du ikkje gjer noko no? Ville du ikkje då gjere noko meir?

Om 5 år er eg 39 år. Eg blir 34 år neste måned, så eg er altså 39 år om 5 år! Nesten 40 år. Bang! Det slo meg det altså. Kor gamal er du om 5 år?

Ønsker du å vere ein bedre person då? Ein som bidrar meir? Ein som har det bedre med seg sjølv? Ein som trivast og er lykkelig? Fornøgd med livet og valga som er tatt? Eg vil iallefall det, og eg er nok langt fra den einaste.

img_8590

-Kva er det som holder deg tilbake? Kva er din største begrensa tanke som holder deg igjen?

-Om du fortsetter å holde på denne begrensa tanken dei neste 5 åra; Korleis vil det begrense din framtid?

Då det gjekk opp for meg at eg kan føle meg nett som eg gjer no, om 5 år, om eg ikkje gjer noko, då blei eg kjempelei meg. Eg NEKTER å vere der eg er i dag, om 5 år. Ikkje at eg har det fælt eller er ulykkelig, nei nei nei, det er ikkje det som er problemet. Eg vil utvikle meg, eg vil lære, eg vil trene meir, eg vil bli meir fit, eg vil bidra meir, eg vil tjene meir, eg vil vere meir.

Så no må eg STEP UP MY GAME! 

img_4233

Det er VELDIG ofte folk ikkje vil vere med på CrossFit, fordi dei ikkje er «fit» nok enda. Men det er deira begrensa tankegang som snakker, deira sjølvfølelse som trakker dei ned! ALLE kan trene CrossFit! Eg har elendig kondis, og eg klarer ikkje meir enn 1 pullups, og eg klarer iallefall ikkje å klatre i tau eller handstand. Men eg trenger ikkje å kunne det for å starte! Kva skulle eg då lære av nye ting, om eg ikkje tør å starte FOR å lære?? 

IMG_1322

Vi kan ikkje vere redde for å starte. ALLE har ein gong vore ein nybegynner! Eg trur folk har lett for å gløyme dette. Det er ikkje meir enn 4 år sidan eg aldri hadde løfta vekter. No er det ein av mine største lidenskaper og eg elsker å trene styrkeløft.

Ønsker du at trening skal vere ein del av ditt liv? Då må du starte. Vær ein nybegynner og godta at det er ok å vere ny. Du er der for å lære, RESPEKT! Kom deg ut og gjer noko, ellers er du på stedet hvil om 5 år.

Mitt mål når eg er 40 år er å vere i mitt livs beste form, vere det beste forbildet for mine barn eg kan vere, både med tanke på trening, sunt liv og som karrierekvinne og businessmamma. Ikkje la frykten styre deg, våg å tørre, og våg å vere ny.

img_7864

Uansett kva DU vil, gjer det! Er det noko innanfor trening, så book 1 time og begynn denne veka, ikkje vent! Ønsker du å forandre jobb, ikkje sitt på laurbæra og vent, gå ut og leit etter muligheter! Vi kan ikkje vente, vi lever kun ein gong.

Kor er du om 5 år? 

Skrevet av Anita Veberg