Det avgjerande styrkeløftet

Dette var overskrifta på ein artikkel høsten 2014. Ein artikkel der eg delte mykje av meg sjølv.

Det at eg velger å vere ein som deler er mykje på grunn av at eg ønsker at andre skal både vite den lange vegen eg har gått, kva man kan gjere for å komme dit man vil, og fordi eg vil gi andre ein type inspirasjon som kan vere til fordel for dei. Når eg får meldinger fra kjente og ukjente mennesker, om at dei no blir inspirert til å gjere ei endring, gjer det heile så verdt det. Det at eg kan dele av både min motgang og framgang og vise mykje av meg sjølv og det gjer til at andre kan forstå at det er mulig for dei å gjere ei endring er fantastisk! Det at dei får tru på at dei kan bli bedre versjoner av seg sjølv og tørre å gjere meir ut av det eine livet vi har, det livet vi har fått i gave. Det å dele gjer meg sterkare som person, eg våger å stige ut av komfortsonen relativt ofte via skrivinga mi, og eg veks i sjølvtillit og personleg utvikling. Eg hadde aldri vore der eg er i dag hadde eg ikkje vore åpen og ærleg om mine utfordringer. Så min anbefaling til deg er å DELE. Del med verden og du vil få tilbake.

IMG_1376

Eg ønsker å dele mine 10 tips for varig livsstilsendring, som eg og delte i den artikkelen.

1.Jobb med deg sjølv mentalt. Prøv å snu tankegangen og tenk positivt! Lær deg triksa. Les bøker om dette. 

2.Søk hjelp frå ekspertar. Anten det er frå psykolog, personleg trenar eller nokon som har greie på kosthald. Det kan vere vanskeleg å finne ut av alt på eiga hand.

3.Få nok søvn. Kutt ned på TV-sjåinga om kvelden og legg deg tidlegare. Mykje søvn er viktig. 

4.Stress ned! Stress er ein dårleg kombinasjon for både kropp, sinn og vekt. Vel ut kva som er viktig for deg å få gjort, og dropp det mindre viktige (for eksempel kan vel vask av huset vente til ein dag du har meir overskot eller tid) 

5.Et nok og et reint. Kutt ned på ferdigprodukt og lag mat frå botn av. 

6.Lag deg klare mål og prioriter dei. Kva er viktigast? Å ete smågodt kvar kveld eller gå ned 10 kg? 

7.Bortprioriter det som kan øydelegge framgangen din. Eg tok eit halvt år utan sukker, og etter det var det lettare å halde meg til sukker ein gong i veka.

8.Finn ei treningsform du likar. Når du gler deg til trening er du kome kjempelangt. 

9.Gå ut av komfortsona. Då kjem resultata. 

10.Bli glad i deg sjølv. 

Heile artikkelen kan du lese HER. (Bla til side 26)

  IMG_1193

Kva for nokre punkter er du villig til å legge til din daglege rutine? Kva med å tenke i den retning at istaden for å måtte kvitte seg med uvaner, kan man heller legge til gode vaner? Kva for eit punkt kan du jobbe vidare med av desse 10? 🙂

Skrevet av Anita Veberg.