Å bruke sin forhistorie til sin fordel

In order to love who you are, you cannot hate the experiences that shaped you. 

Vi høyrer om alle desse suksesshistoriane. Dei som kom frå overvekt til å bli frisk, sunn og sprek. Dei som gjekk fra å vere blakk til å bli økonomisk fri. Dei som var sjuke, og vart friske. Dei som hadde ein hard og vanskeleg barndom, og no er blitt suksessfulle og lykkelige.

Alle desse har brukt sin forhistorie til sin fordel. Fortida deira definerer dei ikkje, men den er ein del av dei. Noko som har gjort dei sterkare og meir opplyste. Dei har brukt fortida og sin forhistorie som sin lekse, som ein påminnelse. Notida er deira gave og framtida er deira håp.

Vi er mange som føler det slik. Eg personlig er så glad for alt eg har vore gjennom, fordi den har gjort meg til den eg er i dag. Eg har komt langt, i mitt eige hode, for eg veit kor eg har vore. Eg har vore trist og lei, dei triste tankane og den sosiale angsten tok all makt over meg då eg var på mitt største. Eg følte meg mindreverdig og den tanken er så tung å bære. Eg har mange andre situasjonar der eg har følt meg bitter, verdiløs og mangelfull, men dei skal eg ikkje komme inn på no. Men hovedpoenget til at eg forteller alt dette er fordi, ja du veit kva eg skal seie; fordi alt dette har gjort meg sterkare. Eg føler meg skikkelig, skikkelig sterk. Like a powerwoman U know!? 🙂

Og kva kan vi gjere med alt det vi har vore gjennom? Jo, vi kan dele det med andre for å hjelpe dei som treng det! For ein gave å gi. Vi, som enkeltpersoner, kan hjelpe andre som er i same situasjon som vi sjølv har vore i. Det er ikkje alltid mykje som skal til heller.

img_7750

Lene Alexandra, vår kjære coach, gjer akkurat dette for fleire enn ho sjølv aner. Det er mange som lar ho vite at ho inspirerer dei, men det er nok betraktelig mange fleire enn ho veit om der ute som finner hjelp i Lene´s arbeid. Lene har vore i media lenge, og ho forteller gladelig sin historie. Ein kjendis, modell, popartist og realitydeltakar. Som no har blitt fitnessmamma nr.1. Ho gjer vanlige frøkner om til sterke powerladies som føler seg bra nok i denne tøffe verda. Ho holder foredrag om sine nedturer, og kva det har gjort for ho, og på den måten hjelper ho så mange andre. Bare via bloggen sin får ho hjelpe andre. Og alle i LA Lifestyle kjenner nok på inspirasjonen og hjelpen ho gir. Lene Alexandra har vore gjennom mykje i sin barndom, oppvekst, og sitt voksne liv, som ho også snakkar åpent om, og vi kan alle sjå at dette har gjort ho til den råe, sterke og energiske inspirasjonskilden ho er i dag.


Om du føler at du kan gjere noko av betydning på grunn av livsreisa du har hatt, så ikkje nøl, hiv deg ut i det. Eg garanterer at du sjølv vil føle deg mykje bedre når du veit at du bidrar til å hjelpe andre.

Det er den beste gaven vi kan få, det at vi kan gi noko av betydning.

img_0853

Alle forstår at nedturer og motgang gjer oss sterkare, bare man kjem seg ut av dei! Den dagen du forstår at «denne nedturen vil gjere meg tøffare, dette vil eg komme meg sterkare ut av», då har du satt din standard for tankegangen altså! Om du har ei motgangstid no, og nedturen er så tung og tøff at du lurer på korleis du skal klare å klatre deg ut av dette, då må du endre tankane dine. Du VEIT at det ikkje vil vare, du VEIT at det vil komme bedre tider. Men du må jobbe for det! Uansett kva det gjelder.

IT IS NOT HERE TO STAY, IT´S HERE TO PASS!

Anita, LA lifestyler