6 ting du kan droppe her og no

Somebody once told me the definition of hell: «On your last day on earth, the person you became will meet the person you could have become.» 

WOW. Den satt. Dette sitatet gir meg bare endå meir lyst og giv til å fortsette mot mine drømmer. Det gir meg mot til å fortsette å utfordre mi eiga komfortsone og bli tøffare, sterkare, bedre. Personleg har eg 3 store ting eg skal jobbe med i 2017. Det er innanfor fitness, jobb og familie. Eg skal fortsette å jobbe mot bikinifitness, samtidig som eg skal bevare min styrke. Eg vil bli ein bedre leder slik at eg kan hjelpe fleire å bli sjølvstendige grundere som får jobbe heimefra og følge sine drømmer. Eg skal bli bedre på å sette av fokusert familietid, der barna veit at alt eg bryr meg om akkurat då er dei.

Kva har du lyst å bli bedre på og bruke tid på i det nye året? Kva betyr mest for deg i denne verden? Det er der du skal legge fokuset ditt. Kva gjer deg glad?

IMG_7361

Nokre gonger, for å komme nærmare den personen du ønsker å bli, er det ikkje nødvendig for å legge til meir ting, det kan hende vi må gi opp nokre av dei.

Noko av dette kan du gi opp I DAG, mens noko av det kan ta lenger tid å kutte ut. Og det er heilt greit.

1. Kutt ut den usunne livsstilen. Skal du oppnå noko i livet, må du starte her. Har du ikkje helsa, får du ikkje gjort stort anna heller. Både din fysiske helse og din psykiske helse er relativt. Gjør vanene dine sunnere, dag for dag,veke for veke, eller månad for månad.

2.Gi opp «short-term mindset». Dei som klarer å gjennomføre planene sine, dei som oppnår drømmene sine og blir suksessfulle i eige liv, er dei som setter seg mål som strekker seg langt fram i tid. Delmål skal man ha ja, det er viktig med små seire, men å sjå seg sjølv der man ønsker å vere om 10-20 år, det å klare å visualisere og tørre å drømme, det kan mange bli bedre på.Det er stor forskjell på å «trene for å få sommerkroppen» og «trene fordi det er den eg er.»

3.Kutt ut unnskyldningene. Vi er alle ansvarlege for våre eigne liv. Uansett svakheter, utgangspunkt, fortid og notid. Når du forstår at DU er ansvarlig for DITT liv, og legger vekk unnskyldningene for godt, og ikkje trur at det er alt og alle andre sin feil at du ikkje får til det du ønsker, då vil du komme nærmere den DU ønsker å vere.

4.Dropp ditt «fixed mindset». Suksessfulle mennesker, mennesker som går den vegen dei sjølv vil, investerer mykje tid dagleg på å utvikle ein voksande tankegang, dei søker ny kunnskap, lærer seg nye ferdigheter og endrer sine gamle oppfatninger slik at det gir dei fordeler og progresjon i deira liv. Husk; Den du er i dag trenger ikkje å vere den du er i morgen.

5.Gi opp multi-tasking. Fullt fokus og dedikasjon på det du har føre deg der og då. Sett opp ein plan, ikkje la noko distrahere deg, jobb med full fokus på oppgåva du har bestemt deg for å gjere. Innkommande sms, mail, notifications skal ikkje sjekkast før du er ferdig med 1 time full fokus på den jobben du hadde planlagt. Sett av fast tid til å sjekke mail. Sett av fast tid til sosiale medier. Sett av familietid. Planlegg og ha full fokus på det du skal.

6.Slutt å måtte bli likt. «The only way to avoid pissing people off is to do nothing important.» Det viktigaste er du liker deg sjølv. Slutt å bry deg om kva andre tenker, gå din egen veg. Forbli ekte og tro mot deg sjølv, gjer det du kan for å forbedre deg sjølv mot den du vil vere og jobb mot dei verdiane du vil ha.

IMG_7338

Dette var litt tips for dere som vil noko meir i 2017, bli bedre versjoner av dere sjølv. Steg for steg. For fleire tips og lese heile denne artikkelen, klikk her. Og eg må skrive dette sitatet ein gong til: Somebody once told me the definition of hell: «On your last day on earth, the person you became will meet the person you could have become.» 

Don´t settle. Gå for drømmene dine. Gå dit du vil. Gjer det du ønsker. Ikkje risiker at det siste du seier før du tar ditt siste åndedrag er: «What if I have lived my whole life wrong?» Eg grøsser bare ved tanken. Eg velger å gjere det eg drømmer om. Det håper eg du tør og.

Anita, LA Lifestyler.