Lalifestylefood

Det er fredag og mange gleder seg til helg. Til å kose seg med god mat, godterier, vin og snacks. Sukker, raske karbohydrat og metta fett. Junkfood eller tonnevis med saus. Slik var mine helger før. Eg kjøpte inn mykje, så eg ikkje skulle gå tom. Eg måtte passe på at eg hadde ein ekstra chipspose og brus til søndagskvelden og, eg kunne ikkje sitte tomhendt då, det var jo framleis helg.

Korleis blir resultata av ei livsstilsendring når man nikoser seg 3 av 7 dagar og er streng mot seg sjølv i 4? Mange kan nok relatere til dette. Sunne, flinke og harde mot seg sjølv i vekedagane og når helga kjem er det kos til den store gullmedaljen. Eg og har vore der, og resultata over lang tid var ikkje imponerande. img_6841

Kva er viktigst for deg? Det godteriet fredag og søndag eller å gå ned 10 kg? No seier eg ikkje at du går ned 10 kg på null komma niks ved å kutte godteriet alle dagar utanom lørdag, men det vil hjelpe deg nærmere det målet du måtte ha. Ei sunnare vane. Kva kan du bytte ut godteriet med? Sukkerfri brus og og litt cashewnøtter er min favoritt. Nøttene gir sunt, umetta fett, men det er lurt å halde seg til små mengder, ei handfull er passelig. Eit par mandariner, sukkerfri julebrus, sunnere pepperkaker og ein julefilm må jo vere toppen av lykke i helgene i førjulstida? Eg elsker havrebrød med sjokoladesmak til kveldskosen.img_0145

Oppskrift på havrebrød finn du HER

img_8864

Det vanskelige ved ei livstilsendring, streng diett mot eit mål eller kva det måtte vere er å få hodet i form. Det vanskeligste er ikkje å få kroppen i form. Kanskje det kan hjelpe å tenke at å spise usunn mat som er dårlig for kroppen din ikkje er ei belønning. Kroppen din ønsker ikkje denne «belønninga», det er det kun hodet som gjer. Og det er DU som styrer dette. Å spise mat som gjer deg daff, oppblåst og trist er ikkje ei belønning. Finn andre belønningar for god innsats. img_6830

LALIFESTYLEFOOD deler vi sunne, gode retter. Sunnare snacks. Du vil sjå at det ER mulig å spise sunt, men godt.

img_7812

img_9398

NOTE TO SELF: DON´T UNDO THE PROGRESS YOU MADE THIS WEEK.

Men for all del; Kos deg, det skal man gjere. Mange faller av lasset om man er for strenge med seg sjølv. Medan nokre koser seg med kun sunn mat og nyter livet, føler andre igjen at dei må ha den sjokoladen lørdagskveld. Vi er alle ulike. Men fokuser på målet du har satt deg. Når alt kommer til alt, kva er viktigst for deg? Svaret du gir på det spørsmålet, er det du bør ha i tankane dine.

img_7272

Ønsker deg ein kjempefin fredag og ei koselig helg, tilbring den med dei du er glad i, gå ein tur med bikkja før lørdagskosen, og reis på svømming med barna søndagen. For eksempel.

img_9535

Neste veke kjem eg til å skrive litt om Bikiniakademiet, Team LA Lifestyle med meir. Vi sjåast på mandag 🙂

Anita, LA Lifestyler.