Kva motiverer deg?

Når du har ein dårleg dag, kva er det som motiverer deg? Kva gjer du når du har ein slik dag du helst ville vore foruten? Eg spurte på Snapchat forrige veka om det var nokon som hadde ønsker om kva eg skulle skrive om her på bloggen. Og etter tips fra ei fin frøken deler eg i dag med dere kva som kan snu dagen min, kva som motiverer meg til å gjere ein innsats i motvind og kva som motiverer meg på drittdagar.

  • Dreamboard – eg har 2 dreamboard. Den eine for min fitnessreise, den andre for min business. Desse brukte eg 6 måneder på, då det tok lang tid å finne alle bilda eg ville ha. Eg venta på nye magasin i butikkane, og kjøpte inn mange treningsblad til fitness-drømmetavla mi litt etter litt. Treningsforum kjem automatisk i posten, og der fant eg spesielt mykje eg kunne bruke. Fitness-dreamboardet mitt henger på veggen rett ved sidan av senga mi, og ved sidan av der igjen alt treningstøyet mitt. Det gir meg motivasjon å sjå på det kvar kveld eg legg meg og kvar morgen eg står opp. Eg suger til meg alle inntrykk, og det minner meg på kvifor eg står opp grytidleg for å reise på Spenst, kvifor eg trener når eg heller vil slappe av, og kvifor eg spiser havrebrød istaden for pepperkaker no i desember. img_8939
  • Lese bok – Å lese ei bok du liker kan oppmuntre deg enormt på ein dårleg dag. Sjølv les eg kun bøker som gir meg utvikling på noko slags måte. Eg les bøker om mental trening og sjølvutvikling, blant anna boka Helvetesuka les eg no, då eg skal ta den ilag med fleire i januar (eg har danna gruppe på facebook, så send meg gjerne ein PM om du vil vere med å ta Helvetesuka første veka i 2017! Meir info vil komme der etterkvart). Ellers les eg bøker om korleis bli bedre, både som person og innen mitt yrke. Boktips: «Bli best med mental trening» av Erik Bertrand Larsen, «Bra nok!» av vår egen Lene Alexandra Øien, «Think and grow rich» av Napoleon Hill, «How to win friends and influence people» av Dale Carnegie. Vil du utviklast, bli bedre og leve og tenke meir positivt, les desse! Har du andre boktips, del gjerne i kommentarfeltet! 🙂 img_9553
  • YouTube – søk opp motivasjon eller lignande på YouTube og du vil få opp mange korte (og lange) videoar som virkelig kan gjere ein dag bedre. Du blir fylt med motivasjon og ny giv. Eit godt tips er å starte kvar dag med ein liten snutt. Gode påminnelsar om å leve livet til det fulle kvar einaste dag kan hjelpe deg i stor grad.
  • Les bloggar – Din favorittblogg kan løfte ein dårleg dag der du mest bare vil ligge strak og ikkje gjere det spor. Men det trengs gjerne ikkje meir enn ei setning som treff deg til at dagen kan endrast. For eksempel kan du jo lese litt på Lene sin blogg eller Lalifestyle?
  • Instagram – Scroll deg nedover og sjå alle som gjer noko du kunne tenke deg å gjere. Søk opp dei du blir mest inspirert av.  Eventuelt kan du finne dei hashtaggene relatert til det du måtte ønske. img_7864
  • Snapchat – Sjekk ut storyene til dei du følger på Snapchat. Kanskje dei gjer noko i dag som du får lyst til og? Gjekk dei ein forfriskande fjelltur, slik at du blir frista og?
  • Lydbok – Hør på lydbøker mens du køyrer bil, vasker huset eller når du treng ein kort kvil på sofaen.
  • Musikk – Musikk gjer at eg kan komme i ein heilt anna modus. Footloose er min powersang, og den rocker eg til kvar dag! 🙂 Det fins ekstremt mange sangar som gir godfølelse, og til og med kan du få deg ut i regnværet på tur med lyd på øret.
  • Egne gamle innlegg og bilder, finn fram dei gode følelsane igjen – Alle har tider dei føler seg bedre, har det bedre, gjorde noko bra. Eg ser tilbake på sunne perioder med ein skikkelig god følelse, og det gir meg ein motivasjon. Før og etter-bilder bør du ta og, det kan gi deg eit puff i rumpa. Du vil jo ikkje tilbake dit du var, for når du var der, drømte du om å vere der du er no. img_7233
  • Gå over drømmer, planer og mål igjen – Sett deg ned og planlegg. Forny drømmene og planene dine, lag delmål og belønninger, gjer det skikkelig, så lover eg du blir litt inspirert av deg sjølv 😉 img_9477
  • Kjøp nytt treningstøy eller noko anna som motiverer – Å trene i nytt, fresht treningstøy slår jo det meste!
  • Tenk på barna, framtida, dei du vil overbevise osv. – For eksempel; Vil du at barna dine skal bli suksessfulle? Ja, då må det starte med deg. Du må bli suksessfull. Det kan vere innan mange områder det, men DU må vere det beste forbildet du kan vere for dine barn. img_7342img_9798
  • Quotes/bilder på Pinterest – Pinterest må eg bare innom kvar dag. Her finn eg så mykje som eg kan bruke til alt eg måtte ønske. Husinnredning- og dekorasjonar, sunn mat og oppskrifter, trening, motivasjonsquotes, planleggingstips, barneoppdragelse, ja, you name it. Eg lagrer vilt mange treningsbilder og quotes på min profil, og eg kikker på dei eg har lagra når eg treng å motivere meg sjølv. «Det var ein gong» eg absolutt IKKJE orka på trening, men etter litt scrolling nedover fitnesstavla mi kom motivasjonen til meg, og eg reiste på trening og fekk ei fantastisk økt! Bruker du ikkje Pinterest, kan eg virkelig, VIRKELIG anbefale det. img_6330

Eg håper og trur at nokre av desse tipsa kan DU bruke ein dag du er lite motivert og føler alt er bare crap. Alle har slike dagar, vi må bare kjempe oss gjennom dei. Og om du absolutt ikkje klarer å bli motivert til noko som helst; Ta deg ein dusj, gå og legg deg tidleg, og stå opp neste morgen fornya og klar for nye eventyr 🙂

When you think about giving up.. Imagine where you could be in three months if you dont. Still want to quit? 

– Anita, LA lifestyler